I den vesle grenda Sørheim i Luster i Sogn kokte "Bestemor Lerum" si første saft, ein augustdag i 1907. Som i eventyra snudde ho eit tilsynelatande nederlag til ein siger. "Bestemor Lerum" heitte Kari Ørbech Hansdotter Lerum og hadde gifta seg med handelsmann Nils Hansson Lerum. Dei tok imot bær frå bøndene i området og sende dei med båt vidare til Bergen. 

Ein dag vart to bærstampar ståande att på kaia. For at bæra ikkje skulle bli øydelagde, laga Kari saft av bæra. Safta vart fylt på flasker, som Nils tok med seg til Bergen og bytte i andre handelsvarer. For pengar var det lite av. Safta vart godt motteken, og neste sesong kom det nye ordrar frå Bergen. Dette var starten på Lerum-eventyret.