
Inst inne i Sognefjorden i den vesle veglause grenda Sørheim, budde oldeforeldra våre Kari og Nils Lerum. Dei bygde seg hus, og starta landhandel i kjellaren i 1905. I Bui, som landhandelen heitte, var det sal av ulike handelsvarer. Mykje av handelen gjekk føre seg i form av byting av varer. Kari og Nils tok i mot varer og sende dei vidare til Bergen med båt.

Ein augustdag i 1907 stod det att to stampar med bær på kaien etter at båten var reist til Bergen. Då tenkte Kari at desse bæra må vi gjere nytte av, og ho tok dei med på kjøkkenet og kokte saft av dei. Saftflaskene sende dei med neste båt til Bergen. Safta vart ein suksess, og etterspørselen auka. I to år kokte Kari og Nils saft på kjøkkenet sitt.

I 1909 bygde Kari og Nils den første saftfabrikken, Safthuset, på Sørheim. Det er fantastisk å tenkje på kor framsynte dei var på den tida, og kor modige dei var som satsa slik dei gjorde. På Sørheim kokte dei saft og syltetøy fram til 1919. Då produserte dei 40 000 liter saft og 20 000 kg syltetøy. Dei to bærstampane frå 1907 begynte verkeleg å «bære frukter». Men isen på Lustrafjorden skapte vanskar vinterstid.

I 1919 vart produksjon flytta til Sogndal, midt i det beste frukt og bærdistriktet i landet. Stadig fleire sette pris på den gode safta. Etter kvart kom syltetøy og jus til, og vart faste gjester på norske kjøkenbord. Fire generasjonar etter den første saftdråpen er Lerum den suverent største produsenten av ekte saft i Norge.

Frå 1919 og fram til i dag har Lerum familien utvikla bedriftavidare, og i dag er all drift samlokalisert på Kaupanger i Sogndal kommune.
Kurt, Grethe Kristin, Bente, Gro og Trine Lerum er dagens eigarar. Vi er 4. generasjon, og alle har sitt daglege virke i bedrifta. Vi er stolte og audmjuke over det våre forfedre har skapt, og vidarefører lidenskapen til foredling av ekte frukt og bær. Kjærleik til ekte vare går i arv!
Les meir om historia til Lerum på lerum.no